Eg hadde når sant skal seiast eigentleg tenkt å leggje ned bloggen, men det verka for ugjenkalleleg til at eg fekk meg til å gjere det. Difor vert det med ein bloggpause i fyrste omgang. Tida får vise om det berre vert mellombels. Men i mellomtida (eller kva det no vert) er det sjølvsagt berre å lese alle dei tidlegare innlegga mine på nytt att!
18 mai 2010
Bloggpause
Eg hadde når sant skal seiast eigentleg tenkt å leggje ned bloggen, men det verka for ugjenkalleleg til at eg fekk meg til å gjere det. Difor vert det med ein bloggpause i fyrste omgang. Tida får vise om det berre vert mellombels. Men i mellomtida (eller kva det no vert) er det sjølvsagt berre å lese alle dei tidlegare innlegga mine på nytt att!
15 mai 2010
På flyttefot
Av grunnar eg ikkje sjølv rår over har eg mellombels måtte busetje meg på Frogner i nokre veker. Ikkje sånn å forstå at eg ikkje likar meg på Frogner; her er det både fint og hyggeleg. Men eg skulle jo helst ha budd heime hjå meg sjølv.Den ufriviljuge flytteturen min har samstundes fått meg til å endå ein gong tenkje over det store paradokset som ligg i dei geografiske skilnadane i Oslo: Berre ved den vetle flytteturen min frå St. Hanshaugen til Frogner har eg hamna i eit strok der folk lever fleire år lenger. Hadde eg derimot teke turen til nabobydelane mine i aust, ville eg brått ha hamna mellom folk som har utsikter til å leve meir enn ti år kortare enn her eg er no, på beste vestkant.
Slik er det i mine auge ingen grunn til at det skal vere. Men likevel har det etter kvart vore slik særs lenge. Og det er ikkje utsiktar til at det skal endre på seg. Med mindre det skjer endringar som monnar.
Og slike endringar bør kome. Det vil krevje eit enormt løft. Men det er i mine auge naudsynt skal den største utfordringa hovudstaden står andsynes kunne løysast: Levekårskløfta mellom aust og vest i byen. Og eit slikt løft vil opplagt ikkje kome om dei mørkeblå får halde fram i byrådskontora.
12 mai 2010
Tid til å vente?
Tidlegare stortingsrepresentant Marie Lovise Widnes meldte seg for kort tid attende ut or SV. Grunngjevinga er den etter kvart så velkjente: Det gjer vondt når SV stør norsk krigsdeltaking i Afghanistan; partiet frontar ikkje sentrale standpunkt; skuleringa er for dårleg og partikulturen vanskeleg å kjenne att.Den som har vitja denne bloggen tidlegare, veit at eg er samd i mange av synspunkta til Widnes. Men diverre fører ikkje det at slike ting vert sagt til noko ordskifte å snakke om i partiet. Det kan på det næraste verke som om dei med sentrale posisjonar kroar seg og tenkjer at ”berre me heldt ut til me er ute or regjeringa skal me nok få teke offensive grep att”.
Og dét er slett ikkje dumt tenkt. At parti har attendegong i posisjon og så nyttar tida i opposisjon etterpå til å kome på beina att er slett ikkje eit ukjent fenomen.
Likevel trur eg dei som no har ei slik tilnærming forreknar seg. For det er slett ikkje tilfeldig kven som no gjer som Widnes, og takkar for seg. Og det er heller ikkje tilfeldig kven som vert verande. Og skal SV makte å komme opp or kneståande i næraste framtid vil det vere bruk for heile breidda i partiet. Difor trur eg det no er avgjerande med grep som sikrar at avskallinga ikkje heldt fram.
10 mai 2010
Uføreeksplosjon?
Både politikarar og kommentatorar meiner veksten i talet på uføre eksploderer, og ser på kva som kan gjerast med utfordringa. Det er eigentleg eit merkeleg skodespel å observere.For ingen kan påstå at talet på uføre her i landet kjem som noko stor overrasking. Dette er grundig utgreia og framskrive ved ei heil rekkje høve. Og sanninga er at me faktisk ligg litt etter i utviklinga i talet på uføre her i landet enn kva til dømes Pensjonskommisjonen låg til grunn då dei laga utgreiinga si frå 2001 til 2004. I år rekna til dømes Pensjonskommisjonen med at me ville ha 365.000 uførepensjonistar, utan at det den gongen vart snakka om nokon eksplosjon. No sit me med fasiten, som viser oss at talet ved inngangen til året faktisk var over 20.000 lågare enn kva Pensjonskommisjonen trudde det ville verte.
Også i mine auge er det særs viktig å gje fleire av dei som kan verte uføre høve til å staden halde fram i jobb. Men det får me til fyrst og fremst ved å fokusere på tilhøva i arbeidslivet som gjer at folk ikkje maktar å vere der. Vert tersklane for å ta del i arbeidslivet lågare, vil det truleg vere nettopp ein del av dei som i dag vert uførepensjonistar som i staden kan halde fram i jobb.
06 mai 2010
Misforstått om NAV-avgong
Einskilde av reaksjonane etter at NAV-direktør Tor Saglie på tysdag varsla at han ikkje tek ein ny åremålsperiode som leiar for arbeids- og velferdsforvaltninga her i landet, har handla om at det er på høg tid at han går av. Det meiner eg er ein totalt misforstått reaksjon. At det har vore store vanskar og utfordringar knytt til gjennomføringa av NAV-reformen er opplagt for alle som har opna ei avis dei siste åra. At desse vanskane og utfordringane hadde vore mindre eller ville vorte betre løyst om ikkje Saglie sat i sjefsstolen, er langt frå like opplagt.For eigen del meiner eg Saglie har gjort ein særs solid innsats både når det gjeldt oppgåva med å gjennomføre NAV-reformen, og også med å få det nye innhaldet i arbeids- og velferdsordningane våre på plass. At dette har vore særs krevjande utfordringar er ikkje å ta for hardt i. Men så var ikkje det som i dag er NAV akkurat noko suksesshistorie frå ende til annan før reformgjennomføringa starta heller…
Det er enkelt å rope etter ny leiing når ting ikkje går som det skal. Ofte litt for enkelt. Når det gjeldt NAV-reformen er eg overtydd om at det ikkje er leiarskapet i reformgjennomføringa som har vore problemet, men for låge løyvingar, einskilde uheldige reformgrep, og også uklare og urealistiske forventingar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
